Vår miljøpolitikk

 

Fjordtømmer vil gjennom si verksemd bidra til at skogeigarane vi kjøper tømmer frå driv eit bærekraftig skogbruk som aktivt utnyttar skogen sitt potensial som fornybar ressurs, bevarer det biologiske mangfaldet og ivaretek skog- og utmarksareala si betydning for kultur, miljø og friluftsliv.                                                

Fjordtømmer skal                                               

a)           Følgje gjeldande lover og forskrifter.            

b)           Følgje Norsk PEFC Skogstandard.

c)           Ta vare på menneskerettar knytt til skogen og skogbruket            

d)           Ta vare på skog med høge verneverdiar      

e)           Vesentlig bevare skogareal som skogproduserande areal            

f)            Unngå innføring av genmodifiserte organismar i skogbruket       

g)           Praktisere i samsvar med ILOs kjernekonvensjonar som er definert i ILOs erklæring om grunnleggande prinsipp og rettar i arbeidslivet     

h)           Ha ei leiing som prioriterer tiltak og midlar for utvikling og forbetring av miljøarbeidet ved å sette tydelege mål, og ettersjå at desse vert nådd.        

i)             Ha eit miljøstyringssystem som tilfredsstiller krava i NS-EN ISO-14001.                                          

I Fjordtømmer si daglege drift skal innsatsfaktorar, produkt og prosessar gjennomførast på ein slik måte at miljøet ivaretakast. Fjordtømmer vil dokumentere sitt miljøarbeid for å skape grunnlag for en open dialog med våre omgjevnader.                         

Årsrapport frå Det Norske Veritas for Fjordtømmer 2024